fredag 29. mai 2009

New Zealand

Avlutningen paa Fijiopphaldet fekk ein overraskande slutt. Da me kom paa flyplassen viste det seg at flyet vaart ikkje eksisterte og at me var booka paa eit tidlegare fly. Dette flyet var allereie gaatt, men heldigvis fekk me eit fly dagen etter. Vi hadde ikkje noke anna valg enn aa legge oss inn paa eit luksushotell rett over vegen, der me hadde ein fin aften:)

17.mai vart difor avreisedatoen vaar til New Zealand-litt av ein feiring. Heldigvis fekk me is paa flyet og dagen var redda :) Da me annkom Aucland vart me moett av ein "ekstrem" kulde i vaare auge. Ein faar litt sjokk naar ein gaar fra Fiji og 40 grader til 15 grader og kaldt haustvind i New Zealand.

Sidan me berre hadde 9 dagar i New Zealand bestemte me oss for aa ta ein kjapp rundtur der me besokte dei viktigaste plassane paa nordoya.

Dag 1 og 2: Auckland
Forste dagen i Auckland tok me beina fatt og gjekk paa seightseeing der me saag flotte parkar og slott. Auckland er absolutt ein koseleg by som det er lett aa finne fram i. Me bestemte oss ogsaa for aa ta 17.mai-feiringa paa etterskudd og gjekk paa kino:)
Dag 2 tok me ein meir serios seightseeing runde med buss og guide. Her fekk me laere at alle fjella i Auckland er vulkanar og me besokte den storste av dei, Mt Eden. Det var ganske saa spesielt aa sjaa ned i det 50 meter djupe krateret. Me fekk ogsaa gaa under Harbour Bridge og besoke Skytower nede i byen. Paa turen var det mogelegheit for aa gjere ulike aktivitetar som skyjump og bungy, men sidan me allereie har hoppa i fallskjerm valgte me det trygge alternativet og naut utsikta som tilskodarar :)

Dag 3, 4 og 5: Rotarua
Tidleg onsdagsmorgon satte me kursen mot Rotorua. Paa vegen dit stoppa me ulike plassar bla i Waitamo. Denne plassen er kjendt for sine grotter, Hilde og Kristine valgte difor aa reise inn i ei mork grotte med glodande ormar i taket. Det var akkurat som ein vakker stjernehimmel :)
Me annkom Rotorua seint om kvelden og fekk oppleve at det var utruleg nok enda kaldare her enn i Auckland. Her blir det ironisk nok kaldare dess lenger soer ein kjem!
Me pakka oss difor inn i ull, tepper og lakenposar og koste oss med varm tomatsuppe til kvelds! :)
Torsdag var det tid for Hobsyssel der delar av Ringenes Herre vart spelt inn. Hobsysselsettet var plassert paa ein stor gard med 13000 frittgaande sauer. Me hadde ein morsom guide som viste oss rundt og fortalte artige historiar om hendingar som hadde skjedd paa settet. Sidan me tross alt var paa ein gaard fekk me ogsaa sjaa saueklipping, ganske fasinerande faktisk! :)
Rotorua er kjendt for sine geotermiske varmekjelder som kokande gjorme og sulfatbad, det blir brukt til oppvarming av hus, torkerom til klede, oppvarming av basseng og strom generelt. Dei har ogsaa gjort desse kjeldene om til spaannlegg, noko me valgte aa benytte oss av. Paa fredagen reiste me til Hells Gate spa. Forst bada me i eit gjormebad i 20 minutt foer me gjekk over til sulfatbada paa 40 grader for aa renske kroppen. Ein god opplevelse sjolv om sulfatet lukta ein "anelse" egg ;)

Dag 6 og 7: Taupo
Laurdagen reiste me vidare til Taupo med stopp paa Lady Knox Geyser og Huka Falls. Det var agnske spesielt aa vere vitne til eit geyser-utbrudd! Igjen er det blitt kaldare og me syns det er ganske rart aa tenke paa at det er haust og fare for snofall naar kalendaren viser mai! Me folte at det var saa kaldt at det aa vere inne frista mest, men ein liten seightseeing runde i byen vart det uansett. Taupo er ein nydelig by med ein flott innsjo (Lake Taupo), det hadde absolutt vore spennande aa komme tilbake hit ein sumarsdag :)

Dag 8: Mount Monganui
Foer me skulle tilbake til Auckland hadde me eit siste stopp i Mt Monganui, ein nydelig surfeby soer for Auckland. Dette er ein typisk ferieby med ei vakker lang strand, dyre feriehus og eit stort fjell midt i byen. Om sommar doblar innbyggertalet seg og det talar vel sitt :)
Me tok oss ein kveldstur for aa sjaa litt av byen foer me reiste tilbake til Auckland neste morgon.

Dag 9: Auckland
Vips var me tilbake i Auckland og avreise dagen var komen. Tiltross for at me berre har vore i New Zealnad i berre 9 dagr er me svaert fornoydde med opplegget vaart og alt me har faatt opplevd. New Zealand er eit spennande land med mykje aa tilby. Det gav definitivt meirsmak og det anbefalast paa det sterkaste :)

No gaar ferda vidare til solfylte strender i California, meir konkret "The entertainment capital of the World", Los Angeles :)

Me vil ogsaa informere om at me ikkje kjem til aa gjennomfore Guatemalaturen vaar grunna svineinfluensa. Stine, Kristine og Hilde Cecilie vender tilbake til fedrelandet onsdag 3.juni, medan Guro skal tilbringe nok ein maaned i Usa hjaa sin vertsfamilie i Texas.

1 kommentar:

  1. whaaat?? kjemme dåkke tilbake på onsdag?? hurraaaaa!!!! fantastisk nyhet:) Kan melde at her e det digg sommarvær:):) snakkast

    SvarSlett