torsdag 14. mai 2009

Bula! It's Fiji time :) Fun In the Jungle Islands

No er snart vaare 16 dagar paa Fiji omme. Desse har vore fulle av kultur, musikk, sol, god mat og kvite strender. Dei forste fem dagane levde me som prinsesser paa Travellers Beach Resort rett ved stranda. Her var det ingen tilgang paa kjokken saa alle maaltid maatte desverre kjopast paa restaurant;) Ellers gjekk det mykje i billege coctails, masse kortspel og Fiji time (slooow motion). I Nadi by var ikkje supermarkeda heilt som me er vande med, det fantest verken grovbrod eller paalegg, og dei einaste klesplagga me fann var sarongar :) Men eit fruktmarked fann me, der me handla frukt av beste kvalitet hjaa dei lokale:)

I Fiji har dei ein nasjonaldrikk som heiter Kava. Den er laga av rota til ei spesiell plante og fijianarane drikk dette baade dag og natt for betre helse. Denne tradisjonen fekk ogsaa me ta del i, samla i ein sirkel paa eit bastteppe utforste me dei lokalerituala foer me drakk kavaen fra ein liten trebolle. Det smakte tre, men ein spennande oppleving.

Fiji Bestaar av over 100 smaaoyer og aa ikkje besoke ei av dei ville ha vore tragisk. I ei lita jolle blei me frakta over det opne hav til ei vakker oy ved navn Wayalailai:) Resortet me budde paa vart styrt av dei lokale som budde i dei to smaa villagane rundt. Sidan oya var saa lita vart me straks ein del av kulturen og kvardagslivet til dei innfodte. Me budde i ei lita straahytte og aat tradisjonell fijiansk mat. Ein dag besokte me ein av landsbyane, New Villiage, der me saag skulen, kyrkja og dei ca 20 smaa husa rundt. Me fekk til og med laere aa lage armband av bananblad saman med dei eldre damene.
Ein annan dag stod me opp klokka fem om morgonen og slo folge med ein gammal lokal mann opp paa toppen av oya. Foer me tok fatt paa turen ba han for ei trygg ferd og me fekk utdelt kvar si lommelykt til morket. Paa toppen saag me ei nydelig soloppgang fra "the Wobbeling Rock". Medan me naut utsikta samla guiden vaar inn bambusskudd til morsdagsfeiringa dagen derpaa. Paa vegen ned att viste han oss alle raavarene ein kan finne i naturen, bananer, mangoar, kava, annanas, kokosnotter og diverse planter brukt til medisin. Tilslutt fekk me ogsaa smake paa ferske appelsiner rett fraa treet. Trygt nede takka den gamle mannen Gud for ein flott og trygg tur, fijianarane er som de skjonnar veldig religiose :)
Kveldane bestod av underhaldning med dans, drama og visning av lokale klesdrakter. Meir kultur kan ein nesten ikkje faa :) Me er svaert takknemmelege for gjestfriheita og alt me har laert. Fijianarane er eit ekstremt venneleg folkeslag som gjer alt for aa gje deg ein ekte Fijiopplevelse!

No nyt me late dagar paa Travellers i Nadi foer me snur nasen mot kalde New Zealand!
Ha ein fin 17. mai feiring heime! Me skal tenke paa dykk medan me et is i Auckland :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar