mandag 4. mai 2009

Cairns og siste rest av Australia!

Etter eit fredeleg opphold i ode Mission Beach var me klare for storbyen Cairns.
Dette er siste stopp paa ruta vaar nordover og me er kjempestolte over aa ha naadd maalet vaart:) I Cairns var det sol og 35 grader og dette var heilt perfekt:)
Pga. skremmende saltvannskrokodillar i havet var det flotte bade- og solemoglegheitar i den nydelige badelaguna. her tilbrakte me mange late dagar i finvaeret.

Me bestemte oss og for aa leike litt turistar i Cairns. Me tok skyrail (gondol) over regnskogen og reiste paa baattur ut til Great Barrier Reef. Der snorkla vi og Guro provde aa dykke. Det var eit fantastisk syn og me kom tett innpaa reva og dei fargerike fiskane. Minnerik opplevelse :)

I lopet av desse fire dagane hadde Stine sitt eige opplegg. Ho tykte ikkje snorkling var nok og bestemte seg for aa ta dykkerlappen! Dei to forste dagane var det bassengtrening og teoretisk undervisning avslutta med ein eksamen som ho sto med glans:) 49 av 50 rette!!!!
Dei to siste dagane vart tilbrakt paa ein baat ute i Great Barrier Reef der ho og resten av gruppa hadde fire ovingsdykk og to dykk aleine som Certified Diver! :)
Ein heilt fantastisk opplevelse der ho fekk svomme med nemofisken, stingray og reef sharks (Iiiik...)

Etter flotte dagar i Cairns gjekk turen nedover til Townsville der vi tok fly til kalde Sydney (Gjekk fra 35 grader til 17 grader). Tilbake til start!

Australia har vore heilt fantastisk med mange gode opplevingar. Me er godt fornogde med reiseruta og kunne godt gjort den igjen ;)
Men no ventar nye eventyr og foerste stopp er Fiji!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar