mandag 1. juni 2009

Los Angeles :)

Etter ein 12 timars lang flytur med film, mat og is gjekk me 19 timar tilbake i tid og landa i Los Angeles tirsdags ettermiddag. I LA var det sol og ein mild vaarbris, og det viste seg at hostellet me skulle bu paa dei neste dagane var midt i Walk of Fame og i sjolvaste Hollywood. Dette fann me ut naar me saag fullt i stjerner i fortauet :)

Forste dagen i Hollywood gjekk med til seightseeing i kjendisstroka Beverly Hills, Bel Air, verdens dyraste handlegate Rodeo Drive og sjolvsagt fekk me sjaa det beromte Hollywood skiltet. Me fekk ogsaa sjaa mange kjendishus som Michael Jackson sitt, Christina Aguilera, Leonardi DiCaprio og Victoria- og David Beckham sitt, men "uheldigvis" fekk me ikkje sjaa nokon kjendisar..
Vaar andre dag i Hollywood reiste me paa stranda for aa nyte solskinnet, dette var nydeleg etter ei lang stund med ullklede og kulde. Om kvelden greip me sjangsen og gjekk paa musikalen Dirty Dancing paa eit teater midt i Hollywood. Me var heldige som fekk billege billettar med sete langt framme, nokon fordelar maa me jo ha som fire blonde, nordiske jenter :) Musikalen var absolutt noko av det beste me har sett!!

Fredagen sa me farvell til Hollywood og hallo til Santa Monica. Me sjekka inn paa hostellet som laag 50 meter fra stranda og gjorde oss kjendt i omraadet. For dei som ikkje veit det er det her tv-serien om sykkelpolitiet "Pacific Blue" er spelt inn. Desse dagane har gaatt med til handling i den flotte handlegata, jogging paa Santa Monica Pier, mote med gamle venner fra Australia og eit flott restaurantbesok med ein gammal bekjent av familien Maalsnes. Takk Ellen ;)

Det er litt trist aa skrive, men no naermar det seg slutten paa turen vaar. Me har allereie sagt "out goodbyes" til Guro som no er paa veg til Texas, her skal ho vere i 1 maaned og forhaapentligvis vil ho oppdatere bloggen :) Me har hatt ein ubeskrivelig fin tur der me har laert mykje om oss sjolve, kvarandre, om somarbeid og kompromiss. Me sitt att med utrulig mange minner og eit enda sterkare vennskap. Me gledar oss sjolvsagt til aa komme heim til venner og familie, men herregud kor rart det blir aa ikkje vere "The fantastic four" 24 timar i dognet!!

Tusen takk til alle som har folgt bloggen vaar:)

Klem fraa dei fire globetrottarane Kristine, Stine, Guro og Hilde Cecilie <3

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar