mandag 20. april 2009

Airlie Beach- Gateway to whitsundays

Etter Noosa tok vi den 17 timars lange bussturen opp til Airlie Beach paa strak arm til tross for store vassmengder paa vegane. Da me kom fram morgonen etter vart me mott med sol og sommer, noko me har savna etter nesten tre veker med regn. Airlie Beach var ein liten, koselig plass som me trivdes godt i. Her var det ikkje mogeleg aa bade i havet pga Stingers (giftige brennmaneta), men me hadde ein flott utendoers lagune som me tok godt i bruk. Her fekk me nok ein gang erfare at verda er ikkje saa stor som ein skulle tru da dei forste personane me saag paa hostellet var Abi og Catherine, to gode venner fra Coolangatta:)
Grunnen til at folk flest reiser til denne plassen er fordi dette er Gatewayen til vakre Whitsundays, eit oyparadis bestaaande av 74 oyer. Mangla ikkje paa seglbaatar her nei ;)
Fredag 17.april var det vaar tur til aa oppleve Whitsundays. Tidlig om morgonen vart me henta med buss og koyrt til seglbaaten vaar Camira. Klokka 8.00 kasta me loss og framfore oss glitra det opne hav i sola. Seglturen var rein luksus, me kunne finne oss alt me ville av mat og drikke og ellers nyte den flotte utsikten paa dekk. Forste stopp var snorkling ved eit lite korallrev der me fekk ein forsmak paa kva som skjuler seg i Great Barrier Reef. Etterpaa var det strak kurs mot den beromte Whithaven Beach, hovudattraskjonen paa turen, 74 km med kvit sand. Me bada og sola oss i paradis og kunne rett og slett ikkje faa det bedre. Om ikkje det skulle vere nok la me til havn i nydelig solnedgang. Idyll, idyll, idyll :D

Snorklingen gav meirsmak for Veum og Navarsete som valgte aa ta cruise til ein platform ved Great Barrier Reef der dei fekk snorkle og kose seg i fleire timar. Korallrevet var mykje bedre i virkeligheiten enn paa tv for aa sei det slik. No ventar dukking og snorkling paa alle fire i Cairns. Haukereid og Bolstad derimot velgte Lazy Days me lagune, is og shopping :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar