torsdag 29. januar 2009

Weekendtur til Brisbane og Steve Irwin's Zoo







Nokre storbyar maa ein jo berre innom, sjolv om me alle fire har egentlig konkludert i at me likar oss best paa dei smaa plassane. Uansett tok me turen til vakre Brisbane der mange spanande opplevingar laag i vente. Me sjekka inn paa Chill Backpackers og me oppdaga fort at me var komme lenger nord og tettare inn paa regntida. I Brisbane kunne nemmelig i det eine augeblikket oppleve straalande sol og i det andre piskande regn, for aa ikkje snakke om den trykkande heten og den enorme luftfuktigheiten (det er ille naar det ikkje er berre Navarsetao so kjenne sveitten piple paa kroppen), men saan faar ein berre finne seg i. Dei forste to dagane var me ganske saa oppslukt i alle dei lokkande butikkane og det var vanskelig aa halde lommeboka lukka og goymt nederst i veska. Fredagskvelden tok me oss ein tur ut paa byen for aa feire nok ein gang at Hilde Cecilie hadde blitt 20, enda paa ein retrobar med berre 70-, 80- og 90-tallsmusikk so da veit di at me likte oss godt :) Ellers brukte me ein heil dag paa byvandring i Brisbane, maa jo vere litt turist og sjaa litt meir enn berre strende og handlegate :) Det store hogdepunktet vaart med turen vaar var aa besoke Steve Irwin's Zoo. Her tilbragte me heile sondagen og fekk sjaa baade elefant, tiger, krokodille, slange, kengeru, koala og mykje anna. Me var til og med paa eit show med Steve Irwin sin familie der vi fekk sjaa alligator ta dodsrullen, ikkje heilt kvardagskost kan du sei ;) Ein perfekt avslutning paa ein fin weekend :)

Ps. No har me hatt vore forste dagar paa jobb og det ser lovande bra ut. Me fjernar edderkoppar med hendene, blitt venne med gekkoar som kryp langs veggane og laerer oss aa kokkelere paa kjokkenet. Alt staar med andre ord bra til med dei fire agentane :)






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar